Innvik Fjordhotell
– med fjorden i hagen

Hotellet ligg som ei unik perle heilt i sjøkanten den vakre Nordfjorden.
Fjordrestauranten er open for både hotellgjestane og publikum, og serverer god heimelaga mat med nydeleg utsikt ut over fjord og fjell. Med fredeleg atmosfære, eiga badestrand, sandvolleyballbane og kort veg til fantastiske turistattraksjonar er hotellet eit ypperleg valg for både korte og lengre opphald. 

Eit hotell i vakre Vestlands-Norge

Hotelet er ope for vanleg drift frå 01.mars.-15.desember.

Innvik fjordhotell er eit hotell for både kvardag og fest. I sesongen serverer fjordrestauranten dagleg god heimelaga mat med ei nydeleg utsikt over sjøen og fjella. Her kan ein komme både til frukost og middag. Ein kan både droppe inn eller bestille på førehand. Grupper oppmuntrast til å bestille bord. Ta gjerne familien med på søndagsmiddag hos oss.

Fleksible salar som kan tilpassast i storleik og format i arrangement, mindre møterom og stover, gjer at hotellet vert mykje brukt til alle typar selskap – frå samlingar, møter og firmajubileum, til konformasjon, dåp og bryllaup. Hotellet tilbyr catering.

Hotellet ligg i sjøkanten med den vakre Nordfjorden i hagen – i hjartet av Vestlands-Norge. Nordfjorden er med sine 10,6 mil, Norges sjette lengste fjord og strøymer heilt ut til Vestkapp og det ville Stadthavet. Rundt hotellet finn ein mange spennande turistattraksjonar. Og mange nyttar hotellet som ei koseleg base for ulike dagsturar rundt om i regionen.

 

Kurs og konferanse

Leir og weekend

Selskap og dagsarrangement

Kommande arrangement

24.-26. mai 2024

Songhelg

Fredag kveld: kl. 18.30: Middag                         

Kl. 20.00: Konsert. Marta og Edgar Paulsen

Laurdag: kl. 11.00: Solveig Orheim Nome: Foredrag om/songar av Matias Orheim

kl. 13.00: Lunsj

kl. 16.00: Ettermiddagskonsert “Mju Vocal»

kl. 18.30: Middag

kl. 20.00: Kveldskonsert. Gloppen Vocal Band og Drops

Søndag: kl. 11.00: Føremiddagsmøte. Tale: Marta Paulsen  Fellessong + alle aktørane har innslag.

Kl. 13.00: Lunsj

Pris opphald heile helga: Kr. 2.050,- pr. pers. i dobbeltrom, Kr. 300,- i tillegg for enkeltrom, Kr. 300,- i innmeldingspengar. Dei som ikkje bur på hotellet, men ynskjer måltid, bør bestille det.

Atterhald om endringar i programmet.

Påmelding/detaljert informasjon: Innvik Fjordhotell Misjonsheimen, 6793 Innvik, Tlf.: 57 87 49 90, E-post: post@innvikfjordhotell.no

6.-8. sept. 2024

«Evangelisten»

Kurt Urhaug, Audun Hjelvik, Håkon C. Hartvedt.

Informasjon/påmelding direkte til Evangelisten.

13.-15. sept. 2024

Overnatting

Hotellet har 26 dobbeltrom, 7 enkeltrom og 1 familierom.

  • Balkong
  • Dusj og toalett på alle rom
  • Telefon på alle rom
  • Trådlaust internett (WIFI) på alle rom
  • TV på dei fleste rom

Prisar 2024

  • Enkeltrom frå kr 825,-
  • Dobbeltrom frå kr 1.130,-
  • Dobbeltrom med fjordutsikt 1.230,-
  • Familierom frå kr 1.425,-
  • Trippel rom frå kr 1.400,-
  • Barn 0-4 år: Gratis i samme seng som foreldra
  • Barn 5-13 år: kr. 150,- (pr person)
  • Barn 14-17 år: kr. 250,- (pr person)
  • Alle romprisar er inkludert frukost.
  • Grupper: ta kontakt for prisar.

Restaurant

Restauranten vår ligg på fjordsida med praktfull utsikt, 5 meter fra fjorden. Rett utanfor ligg ein uteterasse der du kan sitje og nyte ein kopp kaffi eller eit måltid mat.

Hotellet er kjent for sitt gode kjøkken. Vi legg stor vekt på god, heimelaga mat.

Koldtbordet vårt med mange ulike salater, sjømat, spekemat, varmmat, dessert og kaffi, blir også brukt i lokale samanhengar.

Vi tilbyr og kva det måtte vere til større og mindre selskap. Ta kontakt, så skreddersyr vi menyen til selskapet ditt!

Velkomen til middag!

Uteområde

Innvik Fjordhotell har eit fint uteområde, med badestrand, sandvolleyballbane, og asfaltert vandresti.

 

Har du spørsmål?

​Vi har rask responstid og er alltid ​tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.

Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon
+47 57 87 49 90

    Her finn du oss

    Gamlevegen 21, 6793 Innvik.

    Innvik fjordhotell ligg 17 km frå Olden og 23 km frå Loen langs R60.

    Ekspressbussen Bergen-Trondheim stansar ved hotellet. Bussen korresponderer med Nordfjord-ekspressen Stryn-Oslo